søndag 26. juni 2011

Kyrkjeenglar

Eg fann eg fann... På tavla utanfor kyrkja har det henge ein engel etter ei familiegudsteneste i haust. Den var så veldig fin, og hadde ei nydeleg bibelvers skrivi på magen. Etter å ha vore teke ned ei stund hadde det for nokre veker sidan kome opp att ein ny engel, denne gongen med velsigninga på seg. Nydeleg kyrkjeengel dette - til nokon som kanskje treng velsigninga der ute i natta ved kyrkja...


Eg vil nok ein gong seie TAKK til alle som vågar å vere kvardagsenglar, enten dei veit det eller ikkje!

mandag 20. juni 2011

Når gubben er borte dansar kjæringji på bordet...


Gubben er ute og heile kvelden er berre min! Eg har henta meg eit glas kvitvin,  høyrer på fantastisk musikk og har fire ulike strikkeprosjekt ved sida av meg i sofaen. Sjølv om det regnar er jo kvitvinsesongen starta, og glaset er fyllt med Petit Chablise - favoritten min over alle kvitvinar! Over stereoanlegget let plata "Låtar 2" med Gunnar Idenstam og Johan Hedin. Det er ei heilt fantastisk plate, Idenstam spelar orgel og Hedin nykkelharpe, og dei let folkemusikk og orgelklangar smelte saman til noko "nytt". Eg brukar musikk bevisst i sinnstemingar, og eg kan ofte late musikk gå inn i hjartet mitt og slik bruke den til noko positivt og godt dersom livet er tungt. Dette er ei plate og musikk som kryp langt inn i sjela mi, på innsida av hjartet, og som kan gje meg eit smil om munnen, uansett kva sinnstemning eg er i.


Eg har fått eit sterkt forhold til Gunnar Idenstam som musikar og musikken hans i det siste. Før jul bestillte mannen min ei plate heilt tilfeldig på nettet. Det var ei anna plate han eigentleg skulle kjøpe, men så tok han med "FolkJul" i tillegg, berre for moro. Denne plata er ei juleplate med Lisa Rydberg, Sofia Karlsson, Emma Härdelin, kor, og sjølvsagt Gunnar Idenstam, og er det mest fantastiske som eg gjeve ut av juleplater (for meg da). Eg høyrde på denne kvar dag i heile advents- og juletida, og den har gjeve meg, juletida og adventstida ein heilt ny dimensjon. Eg må berre seie: Den er noko eg anbefaler til alle - plata har forandra MEG! Det var dagens reklame... Både denne plata og dei to andre med Gunnar Idenstam kan forresten kjøpast på cdon.com. ;)

søndag 19. juni 2011

Garnfangst på nettet

2,6 kilo garn i posten :)

Sjå kva som har kome i posten!
Søs tipsa meg om ei bra side med garn, 123knit, og til saman gjekk me totalt berserk...! I posten kom det heile 26 hesper med ullgarn frå New Zealand, og berre 7 av dei var søs sine. Jaja, jammen godt eg framleis hadde hespetreet hennes, ellers hadde eg vel sitti og nøsta opp garn endå. Etter ein heil ettermiddag og kveld vart dette resultatet:





Garnet er to tråds ullgarn, og heilt fantastisk mjukt og deilig. Eg hadde nok ein slags plan for kva eg skulle bruke garnet til når eg bestillte det, men akkurat no kan eg ikkje heilt hugse kva eg hadde tenkt. Planen var i alle fall å strikke eit sjal til meg sjølv. Eg har lenge sett på eit sjal frå oppskriftsheftet Alpakka 1 frå Rauma design, og det hugste eg i alle fall at eg hadde planlagt. Som botnfarge vart det mørk raud, og stripene skal vere i to ulike gulfarger og to grønfarger. Håpar det blir så fint som eg har sett det for meg. Det var sjølvsagt fort å kome i gang med sjalet, vart så veldig ivrig når garnet endeleg var kome i hus og måtte jo berre starte på eit eller anna med ein gong. Men eg strikkar sjølvsagt på mange ting samtidig, så det kjem nok til å ta sin tid før det er ferdig. Det gjer ikkje noko, det er kjekt å strikke på det innimellom alt anna :)

Her er fargene til sjalet. Det kvite høyrer ikkje til altså :)

torsdag 9. juni 2011

Hespetre er IKKJE oppskrytt!


Det har opna seg ein ny verden! Veslesøs ønskte seg hespetre til bursdagen. Eg reiste Hallingdal rundt for å oppdrive eit hespetre. Dei fleste butikkane eg spurte i berre såg dumt på meg og lo og forstod ikkje kva eg spurte om. Hihihi... Men Husfliden på Gol hadde faktisk to! Søs som bur i Trondheim hadde ikkje bruk for det med ein gong, så hespetreet bur framleis hjå meg. Først nøsta eg opp alt garnet eg hadde kjøpt i New Zealand, til saman over 4 kilometer med garn. Så kom søster mi med ein "oppnøstar" (kva heiter det eigentleg?), og då vart det jo såååå enkelt å nøste opp garn! Og den som kanskje er aller mest fornøgd er min mann som slepp å leike hespetre ;)

onsdag 8. juni 2011

Se min kjole!

Her er eit innlegg som eg ikkje hadde posta. Dette er skrive i midten av januar:

"Eg er endeleg ferdig med tunikaen i mariusmønster!! Eller, eg vart ferdig forrige helg. Eg har måtta vore heime med sjuke ungar nokre dagar og då vart det strikka ein god del. På fredag såg eg at dersom eg strikka ganske mykje på laurdagen kunne eg bli ferdig med tunikaen til gudstenesta på sundag. Klokka 02 natt til sundag var eg ferdig med å feste alle trådar, og tenk kor stolt eg var over å kunne bruke den på folkemusikkgudstenesta sundag morgon! Tunikaen er strikka i Sandnes tynn-alpakka, og i svart, kvitt og raudt. Når eg strikka den hadde eg ikkje fått prøvd den om eg har strikka rett størrelse, om den i det heile teke passa. Eg var så glad at eg nesten felte ei tåre når eg laurdagsnatta tok den på meg for første gong og den var PERFEKT!!Perfekt var også folkemusikkgudstenesta sundag morgon med Nils Økand Trio!"
 

 
Og tunikaen er brukt igjen og igjen i vinter. Sjølvsagt måtte eg jo ha pulsvarmarar til dette plagget (som til alle andre kle eg har...), så då vart det strikka pulsvarmarar i ein fei også :)

tirsdag 7. juni 2011

Kvikk lunsj

Eg skulle berre så vidt innom på garnbutikken for å handle EITT garn som eg mangla til nokre votter. Ved kassa låg oppskrift og garn på Kvikk Lunsj lue, og eg var solgt... Berre eit garn vart til fem, og lua vart strikka på eit seminar eg var på i Trondheim. Då eg kom heim og viste den til gutane mine fekk eg streng beskjed om at slik ville dei også ha! Då var det berre å reise ned på garnbutikken att å handle meir garn. Eg vart så utruleg lei av å strikke same mønsteret, at eg tenkte at dersom eg i det heile teke skal få ferdig fire LIKE luer må eg strikke alle samtidig. Som sagt så gjort... Dei vart ikkje ferdig til påske, men til neste påske har heile familien like Kvikk Lunsj luer!


Vaksenluene er strikka i Sandnes Falk etter oppskrifta til Husfliden. På barneluene har eg brukt same oppskrifta men med tynnare garn, Sandnes Sisu. Men Sisu har ikkje den rette grønne farga, så der brukte eg Falk men drog ut den eine tråden så tjukkelsen vart omtrent den same som Sisu. Mykje arbeid, men resultatet vart fint :)

MEN, eg skal ALDRI strikke fire heilt like luer igjen....

mandag 6. juni 2011

Englane frå New Zealand

Okey... eg må vise fram englane mine frå New Zealand. Eg har som mål å få tak i ein engel frå kvart land eg er i. Men med berre i underkant av ein time til shopping i løpet av heile opphaldet på New Zealand er det ikkje så enkelt. Trur eg var innom alle butikkane i Dannevirke og spurde om dei hadde englar, utan hell. Men i ein bokhandel hadde dei i alle fall dette fantastiske kortet.


Angels are everywhere

Sometimes we feel that we are all alone,
as life brings us challenges to overcome 
and hardships to bear.
But when we least expect it, help can appear.
It may be a kind word from a stranger or a 
phone call at just the right time,
and we are suddenly surrounded 
with the living grace of God.
Miracles happen every day 
because angels are everywhere.

Så i det me skulle reise og alle sat i bilen og venta skulle berre ein av reisefølget inn i ein siste butikk, og eg tenkte at dersom han skulle inn kunne eg og springe inn i staden for å sitte i bilen. Og DER hadde dei englar! Først fann ho som jobba der fram denne flotte engelen i stein. Det er faktisk ein "dobbeltengel", det er ein liten engel på toppen av den andre engelen, men det er nesten umogleg å sjå. Englen havna i alle fall på toradersekken min og har budd der sidan. Det er nok ein torader-engel.


Etterpå fann dama i butikken fram ein heil masse handlaga englar frå Christchurch. Eg kjøpte nesten alle ho hadde, sikkert ti stykker. Dei var berre så flotte, og eg var kjempeglad for å endeleg ha fått tak i englar frå New Zealand. Denne her er eigentleg bitteliten, berre to cm stor.


Så gjenstod det berre to land, Australia og Hong Kong... I Australia var me berre i to dagar, og der fann eg ingen englar, bortsett frå denne, hihihi...


Ein dag skal eg nok få meg ein slik engel på ordentleg, men det var jo greit å ha prøvd den uekte typen først ;)
I Hong Kong var me berre ein dag, og sjølv om eg var heile den dagen på marked så fantest det ikkje ein einaste engel der. Budda-figurar var det derimot mange av. Ikkje så rart kanskje, sidan det etter det eg veit ikkje er så mange englar i korkje budhismen eller hinduismen... ;)
Men eg fann eit svart hol...

Fare for svarte hol... ;)