søndag 27. mai 2012

Utfordring

Eg har vorte utfordra av Monisen :) Moro :)

Reglane er:
Each tagged person must answer the 11 questions given to them by
their “tagger” and post it on their blog
- Then, choose 11 new people to tag and link them in your post
- Create 11 new questions for the people you tag to answer
- Go to their page and tell them they’ve been tagged!
- Do not tag back to the person who has already tagged you.

Her er mine svar på spørsmåla frå Mona:

1. Hva er din favoritt farge? Raud
2. Slanker eller feter du opp garnlageret? Hehe... Heilt klart feitar opp!
3. Hvilken årstid liker du best? Vår og sumar
4. Har du en favoritt film? Eg ser ikkje på film...
5. Strikking eller hekling? Det går i perioder, akkurat no er det strikking
6. Foretrekker du te eller kaffe? Kjem an på kva tid på døgnet. Kaffi om morgonen men gjerne te på ettermiddagen
7. Feriere du helst i by, landet eller på fjellet? Eg pleier å si at når eg bur på fjellet så kan eg ha hytte i byen. Storbyferie er knall, men stillheit og ro på fjellet er like bra!
8. Har du et favoritt garn? Alpakka
9. Lager du mest til deg selv eller til andre? Heilt klart til andre :)
10. Har du husdyr? Nei
11. Har du noen annen hobby som ikke er garnrelatert? Alt for mange ;) Puslespel, englar av småting, surfing på internett, scrapbook.


Og her er mine spørsmål:
1 Kva er favorittstrikkemønsteret ditt?
2 Strikking eller hekling?
3 Kva musikk gjer deg glad?
4 Fjellblome eller hageblome?
5 Englar eller nissar til jul?
6 Kvar hentar du inspirasjon frå?
7 Film eller bok?
8 Kvifor blogger du?
9 Kva anna enn strikking likar du å drive med?
10 Kor ville du gjerne budd anna enn der du bur?
11Strikker/heklar du etter mønster eller improviserer du?

Eg har tagga 5 stykker her. Lukke til :)
Maskesprell, strikkelisa, Beates englestrikk, Bundingen, MirreVirre.



torsdag 24. mai 2012

Verdens beste lue

Det har ikkje vorte så mykje strikking i det siste, men då eldsteguten spurte om eg kunne strikke lue til han så var eg ikkje sein om å seie ja. Han fekk vere med på garnbutikken og lua vart lilla i babyull. Guten elskar lua si og brukar den heile tida. Hadde eg ikkje insistert på at han måtte ta den av seg om kvelden så hadde han nok sove med den til og med.

Det er 25 varmegrader ute.
- "Mamma - jeg er kjempevarm, jeg smelter!!"
- "Men då kan du jo ta av deg jakka eller ull-lua, vennen min."
- "Ok, da tar jeg av meg jakka da..."

Det er jammen moro å strikke når resultatet blir så godt motteke! Under er bilder av mine fantastiske gutar frå 1.mai-helga då me var på hytta og Hardangervidda i fantastisk ver.





Ordentleg retrogutt med mine 30 år gamle briller og mariusgenser!

søndag 15. april 2012

Tre mariusgenserar til tre mariusgutar!


ENDELEG har eg fått ferdig genserane til gutane!! Desse hadde jammen liggi lenge no. Eg bestemte meg for at gutane måtte få desse til jul, og julaften berre minutt før me gjekk i kyrkja vart siste tråden festa. Eller - det er ikkje heilt sant, for eg rakk ikkje å feste alle trådane inni genseren til minsten min, men fekk festa nok til at dei ikkje syntest på utsida ;) Gutane vart veldig glade, og då var det verdt alt strevet!




Mønster: Marius
Garn: Sisu
Pinne nr 2,5

lørdag 14. april 2012

Garnkaos, strikkekaos, englekaos - eller berre kaos?

Ja, nokon gonger kan det vere kaos, både på det eine og den andre området. I kjellaren står det 11 kasser med garn - i eit stort kaos. Eg lovde meg sjølv å ikkje kjøpe meir garn i starten av dette året, men slik vart det jo aldeles ikkje... Ikkje uvanleg forresten det der. Eg bestemmer meg for kjøpestopp både no og då, men eg har vel ikkje til no klart å gjennomføre to veker etterkvarandre trur eg ;)

På stugubordet er det englekaos. Eg starta å lage englar like før jul. Desse har vorte øyredobbar, nøkleringar og vinmerker og dei har selt som berre det på frida makeløs. No har eg og min mann feira bursdagane våre i eit ganske så stort lag, og alle gjestene fekk kvar sin engel på tallerken. Så det har verkeleg vore englekaos her.

Og med ny jobb og ny livssituasjon har visst blogginga kome langt ned på lista. Strikking derimot har eg fått gjort litt av alle kveldane eg sit heime aleine i strikkestolen min. Her er ei lita bildekavalkade av det som har vorte laga. Det meste er også lagt inn på butikken frida makeløs, og mykje er alt selt :) Heldige meg som får levere produkta mine dit! Tusen takk!

Mønster: Elf-clobber
Garn: Dalegarn Falk og Sandnesgarn Silk Mohair
Pinne nr 3,5 og 4


Mønster: Leggvarmarar til ei lita bursdagsjente
Garn: Dalegarn Falk og sølvtråd
Pinne nr 5


Mønster: Lange pulsvarmarar - improvisert
Garn: Dobbel tråd med Drops Alpaca
Pinne nr 4



Mønster: Fjellkyrkjeenglar
Garn: Drops Alpaca
Pinne nr 2,5
Mønster: Engle-Marius (tre par)
Garn: Sisu
Pinne nr 2

Mønster: Mariuspulsvarmarar
Garn: Sisu
Pinne nr 2