søndag 15. april 2012

Tre mariusgenserar til tre mariusgutar!


ENDELEG har eg fått ferdig genserane til gutane!! Desse hadde jammen liggi lenge no. Eg bestemte meg for at gutane måtte få desse til jul, og julaften berre minutt før me gjekk i kyrkja vart siste tråden festa. Eller - det er ikkje heilt sant, for eg rakk ikkje å feste alle trådane inni genseren til minsten min, men fekk festa nok til at dei ikkje syntest på utsida ;) Gutane vart veldig glade, og då var det verdt alt strevet!




Mønster: Marius
Garn: Sisu
Pinne nr 2,5

lørdag 14. april 2012

Garnkaos, strikkekaos, englekaos - eller berre kaos?

Ja, nokon gonger kan det vere kaos, både på det eine og den andre området. I kjellaren står det 11 kasser med garn - i eit stort kaos. Eg lovde meg sjølv å ikkje kjøpe meir garn i starten av dette året, men slik vart det jo aldeles ikkje... Ikkje uvanleg forresten det der. Eg bestemmer meg for kjøpestopp både no og då, men eg har vel ikkje til no klart å gjennomføre to veker etterkvarandre trur eg ;)

På stugubordet er det englekaos. Eg starta å lage englar like før jul. Desse har vorte øyredobbar, nøkleringar og vinmerker og dei har selt som berre det på frida makeløs. No har eg og min mann feira bursdagane våre i eit ganske så stort lag, og alle gjestene fekk kvar sin engel på tallerken. Så det har verkeleg vore englekaos her.

Og med ny jobb og ny livssituasjon har visst blogginga kome langt ned på lista. Strikking derimot har eg fått gjort litt av alle kveldane eg sit heime aleine i strikkestolen min. Her er ei lita bildekavalkade av det som har vorte laga. Det meste er også lagt inn på butikken frida makeløs, og mykje er alt selt :) Heldige meg som får levere produkta mine dit! Tusen takk!

Mønster: Elf-clobber
Garn: Dalegarn Falk og Sandnesgarn Silk Mohair
Pinne nr 3,5 og 4


Mønster: Leggvarmarar til ei lita bursdagsjente
Garn: Dalegarn Falk og sølvtråd
Pinne nr 5


Mønster: Lange pulsvarmarar - improvisert
Garn: Dobbel tråd med Drops Alpaca
Pinne nr 4



Mønster: Fjellkyrkjeenglar
Garn: Drops Alpaca
Pinne nr 2,5
Mønster: Engle-Marius (tre par)
Garn: Sisu
Pinne nr 2

Mønster: Mariuspulsvarmarar
Garn: Sisu
Pinne nr 2