Frida Makeløs sel pulsvarmarar så det kost etter :) Og eg er sjølvsagt kjempeglad for det! Eg kjenner det er både veldig kjekt at folk likar det eg lagar, men også ganske skummelt på eit vis. Veit ikkje heilt kvifor...
For dei som ikkje har vore på Frida Makeløs kan de gå på heimesida hennar
her. Dette er den mest fantastiske butikken eg har vore inne i. Det er DER julegåvene i år vert kjøpt :)
Eg veit ikkje kor mange pulsvarmarar eg har selt der på berre nokre dagar, men i alle fall var ho utselt for "signatur"-pulsvarmaren min, den eg har kalla "Fjellkyrkjeenglar". Navnet fekk dei etter at dei vart "oppdaga" av søte Inger Randi i Vats fjellkyrkje i fjor haust då eg spelte på gudsteneste der.
Men sidan det ikkje var att fleire i butikken strikka eg to par til som eg leverte dit, eit med grøn bord og eit med lilla bord.
|
Mamma, hva er det du gjør med sparken min??? |
|
|
Mønster: Fjellkyrkjeenglar
Garn: Drops Alpaca
Pinne: nr 2,5