Viser innlegg med etiketten genser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten genser. Vis alle innlegg

torsdag 24. mai 2012

Verdens beste lue

Det har ikkje vorte så mykje strikking i det siste, men då eldsteguten spurte om eg kunne strikke lue til han så var eg ikkje sein om å seie ja. Han fekk vere med på garnbutikken og lua vart lilla i babyull. Guten elskar lua si og brukar den heile tida. Hadde eg ikkje insistert på at han måtte ta den av seg om kvelden så hadde han nok sove med den til og med.

Det er 25 varmegrader ute.
- "Mamma - jeg er kjempevarm, jeg smelter!!"
- "Men då kan du jo ta av deg jakka eller ull-lua, vennen min."
- "Ok, da tar jeg av meg jakka da..."

Det er jammen moro å strikke når resultatet blir så godt motteke! Under er bilder av mine fantastiske gutar frå 1.mai-helga då me var på hytta og Hardangervidda i fantastisk ver.





Ordentleg retrogutt med mine 30 år gamle briller og mariusgenser!

søndag 15. april 2012

Tre mariusgenserar til tre mariusgutar!


ENDELEG har eg fått ferdig genserane til gutane!! Desse hadde jammen liggi lenge no. Eg bestemte meg for at gutane måtte få desse til jul, og julaften berre minutt før me gjekk i kyrkja vart siste tråden festa. Eller - det er ikkje heilt sant, for eg rakk ikkje å feste alle trådane inni genseren til minsten min, men fekk festa nok til at dei ikkje syntest på utsida ;) Gutane vart veldig glade, og då var det verdt alt strevet!




Mønster: Marius
Garn: Sisu
Pinne nr 2,5

tirsdag 12. juli 2011

Marius-genserar til fine gutar


Eg er nesten ferdig med tre marius-genserar. Ein til eldste mann, ein til yngstemann og ein til tanteguten min. Det einaste som gjenstår er å sy, klyppe opp, sy saman og så stikke halskant. Men eg har aldri laga genser med slike armar før, og kvir meg noko veldig for å klyppe dei opp. Eg utsett og utsett det, men no berre MÅ eg bli ferdig med dei. Eg kryssar fingrane....