Viser innlegg med etiketten lue. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lue. Vis alle innlegg

søndag 29. desember 2013

Knappeluene

I vinterferien hekta eg meg opp i luer. Så har dei liggi her og berre mangla å feste trådane. Endeleg (etter over eit halvt år) er dei nokre av dei ferdige:








Garn: Drops loves you
Pinne nr ca 5
Knapp: Diverse frå det store lageret

mandag 4. mars 2013

Samandrag? :)

Hoi, her var det lenge sidan!
Spørst om kvardagen innhentar "aleinemora" og blogginga har vorte siste prioritet ja. Så prøver me litt igjen, og så ser me korleis det går. Sjølv om det ikkje har vorte produsert så mange orda på denne sida har det vorte produsert ein del masker i den verkelege verda. Det har også vorte veranda og platting og steinmur - og ny plate!

Her er nokre små eksempel:

Veranda og platting - ja, sjølvsnikra med god hjelp av pappa!


Steinmur - mura heilt sjølv :)







 


Diverse strikkaplagg

Og Cd-produksjonen:
Til himmels - med gangar og pols


Her kan du lese meir om produksjonen vår:
http://www.folkemusikk.no/til-himmels-med-gangar-og-pols.5142171-137125.html

Her kan du høyre på plata:
http://wimp.no/wweb/album/?album=18236632

Og om du vil kjøpe plata så sender du ein epost til meg:
Ingunn.s.lie (at) gmail.com



torsdag 24. mai 2012

Verdens beste lue

Det har ikkje vorte så mykje strikking i det siste, men då eldsteguten spurte om eg kunne strikke lue til han så var eg ikkje sein om å seie ja. Han fekk vere med på garnbutikken og lua vart lilla i babyull. Guten elskar lua si og brukar den heile tida. Hadde eg ikkje insistert på at han måtte ta den av seg om kvelden så hadde han nok sove med den til og med.

Det er 25 varmegrader ute.
- "Mamma - jeg er kjempevarm, jeg smelter!!"
- "Men då kan du jo ta av deg jakka eller ull-lua, vennen min."
- "Ok, da tar jeg av meg jakka da..."

Det er jammen moro å strikke når resultatet blir så godt motteke! Under er bilder av mine fantastiske gutar frå 1.mai-helga då me var på hytta og Hardangervidda i fantastisk ver.





Ordentleg retrogutt med mine 30 år gamle briller og mariusgenser!

onsdag 9. november 2011

Lys i mørket

På tysdag var eg inne på profilen til ein av mine flotte vener, Carl Petter Opsahl. Han er gateprest i Oslo og jobbar i Kirkens Bymisjon, i tillegg til å vere ein av Norges beste klarinettistar! Han hadde på sin blogg posta eit innlegg om Lys i mørket - aksjonen til Kirkens Bymisjon og om Yarnbombing av Oslo sentrum. Eg vart så inspirert at eg sporenstreks reiste ned på garnbutikken og kjøpte garn til ei lue designa av Arne og Carlos for Kirkens Bymisjon. No er lua ferdig, og ei til er påbegynt, og ho blir sendt til Kirkens Bymisjon i morgo :)

Det kjennest så godt å kunne strikke noko som varmar - til nokon som frys. Det er ein vinn vinn situasjon. Eg får strikke, nokon som frys vert varm, og lageret mitt av garn og strikketing vert mindre! Dette kan vere eit mål for mange no - Gled nokon som gruar seg til jul!



Garn: Svart Freestyle frå Dalegarn og to trådar oransje 
Dalegarn Daletta fordi garnbutikken var utselt for oransje Freestyle :)
Pinne: nr 3,5 og 4,5
Oppskrift: Arne og Carlos si oppskrift til Kirkens Bymisjon.


fredag 2. september 2011

Space Invader og Kvikklunsj


Eg diggar Arne og Carlos! Korkje meir eller mindre. Dei har noko flott i måten dei lagar nytt av gamalt, og samtidig beheld sjela i det opprinnelege. Eg var heldig og fekk tak i både påskekuleheftet og lueheftet deira på garnbutikken i sommar. Det var space Invader lua eg tenkte å strikke. Min kjære er ikkje så glad i strikkaplagg, men akkurat den lua kunne han faktisk tenke seg å bruke. Når han for ein gong skuld var begeistra for noko var eg ikkje så vond å be, hehe... Det har vorte fire luer - to i Sandnes Fritidsgarn og to i Sandnes Falk. Dei to i Fritidsgarn passar til vaksne, medan dei Falk er til gutane mine. For å bruke opp restegarnet i Falk lagde eg ei av luene i raud botnfarge, og den syntest minsten var finast. Veldig morosamt mønster å strikke, og kjapt og greit å lage. Det er moro med prosjekt innimellom der ein fort ser framgang!



Det er minsten som villig er modell på bilda med barneluene, og størstemann tek velvillig bilde av meg med lue. Og når eg endeleg hadde klart å motivere gutane såpass at me klarte å gjennomføre bildetakinga nytta eg høve til også å ta bilde av Kvikk Lunsj luene eg strikka i vår.



tirsdag 7. juni 2011

Kvikk lunsj

Eg skulle berre så vidt innom på garnbutikken for å handle EITT garn som eg mangla til nokre votter. Ved kassa låg oppskrift og garn på Kvikk Lunsj lue, og eg var solgt... Berre eit garn vart til fem, og lua vart strikka på eit seminar eg var på i Trondheim. Då eg kom heim og viste den til gutane mine fekk eg streng beskjed om at slik ville dei også ha! Då var det berre å reise ned på garnbutikken att å handle meir garn. Eg vart så utruleg lei av å strikke same mønsteret, at eg tenkte at dersom eg i det heile teke skal få ferdig fire LIKE luer må eg strikke alle samtidig. Som sagt så gjort... Dei vart ikkje ferdig til påske, men til neste påske har heile familien like Kvikk Lunsj luer!


Vaksenluene er strikka i Sandnes Falk etter oppskrifta til Husfliden. På barneluene har eg brukt same oppskrifta men med tynnare garn, Sandnes Sisu. Men Sisu har ikkje den rette grønne farga, så der brukte eg Falk men drog ut den eine tråden så tjukkelsen vart omtrent den same som Sisu. Mykje arbeid, men resultatet vart fint :)

MEN, eg skal ALDRI strikke fire heilt like luer igjen....

fredag 18. februar 2011

Blånissane mine

I fjor vinter/vår strikka eg blånisseluer og blånissevotter til gutane mine. Ikkje visste eg at det var Jul på Månetoppen som var julekalender i år. Heldig med den :). Uansett så vart luene og vottene ganske vellukka, og gutane brukar likså gjerne blånisseluene som andre luer sjølv om det lenge etter jul. Det varmar jo hjartet at dei vil bruke det eg strikkar. Luene og vottene er tova i vaskemaskina og strikka med Blåfjellgarn frå Rauma som var på salg etter forrige jul.

Her er blånissane mine :)