mandag 21. juni 2010

Englevottene mine

Jaja, slik er det å jobbe med festival, då blir det ikkje noko blogging før festivalen er over... Men strikke har eg sjølvsagt gjort likevel :)

Oppskrifta på Hardingfelevottene mine vart lagt ut som "Årets festivalvott" under Folkemusikkveka, og dei vart godt motteke.  Akkurat no fann eg ikkje heilt ut korleis eg skal legge ut oppskrifta her på bloggen min, men så fort eg får det til skal eg legge ut Hardingfelevottene mine som Pdf.

Elles legg eg etter kvart ut bilder av litt av kvart som har vorte ferdig sidan sist, men startar med favoritten min. Det er Englevottene! Desse starta eg på i februar, og dei var ferdige då også. No skal eg også lage ei ordentleg oppskrift på dei. Driv og strikkar eit par til ei venninne som treng to konkrete englar å sjå på når livet er kaldt, urettferdig og vanskeleg. Dei blir i lilla og naturkvit, men denne gongen med kvite engar og lilla bakgrunn. Englane er Guds sendebod, og for meg eit symbol på noko godt, trygt og heilagt.


Vottene er strikka i alpakka, og har fleire av mine favorittelement i seg: Englane, korset, hjartet og det firkanta korset på toppen og på tommelen. Dette kan også vere ei stjerne, alt etter kva bilder ein ønsker å bruke sjølv :)
Trekantmønsteret i handflata er eit gamalt symbol på Den heilage treeininga, og som eg fann i boka Selbuvotten av Terri Shea. Tenkte det passa fint inntil englane, og mitt religiøse innhald i votten.

mandag 22. februar 2010

Hardingfelevotter

Eg har lenge tenkt at eg skulle lage eit vottemønster som skulle vere "årets vott" under festivalen eg jobbar i. Mønsteret og fargene er inspirert av dette årets festivaldesign. Etter festivalen i mai kjem mønsteret til å verta lagt ut her tenker eg, men tenker eg skal gjere eit eller anna stunt der først. Det gav verkeleg meirsmak å lage eige mønster slik, og eg er nesten ferdig med eit heilt anna mønster også. Og no når det er OL får ein høve til å strikke samstundes som ein ser på sendingane på tv.

fredag 29. januar 2010

Frustrasjon...

Hmmmm, eg har klart å slette eit eller anna rart i bloggen min... Når ein opnar framsida så kjem ikkje sidespalta opp, men når ein går inn på sjølve innlegget kjem sidespalta opp. Nokon som veit kva eg skal gjere med dette?
Arrgh....

onsdag 27. januar 2010

Tilbod på garnbutikken....

Eg skulle berre snike meg så vidt innom garnbutikken... Og der var det halv pris på Blåfjell-garn. Med to søner som vart fornerma når dei måtte vere raude nissar til jul og ikkje blå, så passa jo det perfekt. Eg kjøpte nesten alt dei hadde att på butikken, og det skal bli to nisseluer, tre par vottar og to sitteunderlag. Det var store auge både på gutane og pappan når eg kom heim med to fulle posar og 24 garnnøster...
Må innrømme at luene er ferdig strikka, dei må berre tovast.


søndag 17. januar 2010

Engel

Før eller seinare måtte det kome eit engleinnlegg her :). Denne veka kjøpte eg meg endeleg eit englesmykke! Det er kjøpt på Bok og Media i Oslo, og eg har sett på det i eit halvt år no. Plutseleg så var tida inne for å kjøpe det, og eg er kjempeglad for det! Englar betyr mykje for meg, og er både til trøst og glede.
...og det er godt og trygt å ha ein hengjande runt halsen...


Takk til alle englar i livet mitt!

mandag 4. januar 2010

Beste julegåva i år!

 

Eg er sååå glad for julegåva eg fekk av mannen min i år! Hadde tipsa han om boka Selbuvotten av Terry Shea, og jammen fekk eg den! Det er berre ei fantastisk bok for oss som har vottedilla! Eg har lese i den kvar dag, og så klart måtte eg innom garnbutikken med ein gong den opna og kjøpe garn til votter! Eg strikka "Enkel stjernevott" til eldste sonen vår. Han fekk velge ut mønsteret sjølv, og var med og valgte ut garn også. Då vart det sjølvsagt blått...



Yngste sonen fekk også velge seg mønster. Men selbustrikk var ikkje så spennande. Eg hadde leita fram dette fiskemønsteret på internett, og minsten fall for det. Men han ville også ha det i blått så klart! Mønsteret fann eg på Ravelry, og vottene er strikka i Falk, slik som stjernevotten også er. Artige votter!

onsdag 30. desember 2009

Ferdig med master!!

Tenk, no er eg ferdig med Master ved Norges musikkhøgskole. Det er uverkeleg...Men, det betyr også at eg har tid til å oppdatere bloggen min litt oftare...
Det ventar eit nytt liv der ute!
Sjølv om eg jobba knallhard med studiene mine i haust har eg strikka likevel, bitte litt kvar dag. Strikkinga gjev ein ro som ikkje er så enkel å finne i ei travel masterperiode. Det har i peroder gått ein del i Marius-mønaster. De har vorte seks luer og tre par pulsvarmarar. Pulsvarmararne har eg ikkje hatt mønster på men var supermoro å lage!

Elles har det vorte nokre julegåver og nokre babygåver. Fann fram nokre babytøflar som minsten fekk når han var baby, og desse var eg veldig fornøgd med. Han brukte dei kvar dag, dei var varme og så sat dei på foten, uansett kor mykje han sparka. Eg kopierte mønsteret ut frå dei eg hadde, og vips vart det fem par med babytøfflar. Det kan jo kome godt med ein gong. Dei er strikka i Rauma Vamsegarn og i Pt3. Deilig å strikke noko med tjukke pinnar att når eg lenge har strikka med tynn-alpakka.




Eg kan også meddele at det var panikk i leiren då eg oppdaga at eg hadde fått teppebiller i garnet mitt! Dei åt tvers gjennom trådane på ullgarnet, og plutseleg hadde eg garnnøster med berre halvmeter lange trådar! Billene åt også hol i det eg dreiv å strikka. Måtte kaste ein kjole eg nesten var ferdig med, og fleire andre små-prosjekt. Uansett, alt garn havna i frysaren (både i min og pappa sin. På ingen måte plass til alt i min frysar...) og stugu vart vaska. Men det vart i alle fall ein fin anledning til å organisere og rydde opp i alt garn. Og til min manns store lukke havna alt garn i kasser i kjellaren i staden for å flyte rundt i stugu. Så får me berre håpe at billene er teke knekken på, og at ikkje meir garn blir øydelagt.



onsdag 2. september 2009

Hekta!


Jobben kallar, det merkast at ferien er over. Men eg prøver likevel å strikke litt kvar dag. Det er flott avveksling til alt anna, og dessutan får ein strikka mykje under barne-tv :).

Siste vekene har eg vorte hekta på Marius. Er ferdig med fem luer og i gang med både tunika til meg sjølv, ei lue med tynt garn og pulsvarmarar, alt i Marius-mønster. Dei ferdige luene er strikka i Dalegarn Smart, og var kjempemorosame å strikke. Mønsteret var eigentleg eit panneband, men eg syntest det passa betre som lue, så då vart dei slik i staden.

Men eg fekk også laga ferdig lue til minstemann, så no har alle gutane mine like luer. Dei forlangte at ”mamma må og ha”, så då er det vel berre å setje i gang...



...og eit skjal vart det også. Det er farleg å gå innom på garnbutikken på salg. Då blir det fort slik at ein må finne eit prosjekt til det garnet som er så fint og så billig. Men farga passa perfekt til den blå jakka mi, og eg trengte eit skjal til den. Mønsteret leita eg etter på internett, men fann ikkje noko eg likte, og fann ikkje dette mønsteret slik at eg klarte å forstå det... Så då tok eg heller det gamle skjalet mitt og kopierte mønsteret derifrå.



mandag 20. juli 2009

Kven seier at ein ikkje kan strikke om sommaren??






Eg har strikka ferdig nokre pulsvarmarar. Hadde så lyst til å strikke noko som ikkje var i raudt og oransje og jordfargar, slik som alt anna eg strikkar. Og så vart det like godt to forskjellige mønster og fargar. Raske greier, og ganske ”tankelaust” arbeid. Men moro med noko som går litt fort.

Luene til gutane mine er også ferdig☺.
Når pappan fekk lue, måtte sjølvsagt eldstemann også ha. Men den måtte sjølvsagt vere blå da! Og no driv eg med lik lue til minsteguten. Kan ikkje gjere forskjel ☺.
Mønsteret er funne på Ravelry og heiter Stripey. Fall pladask for dette første gongen eg såg det.

mandag 6. juli 2009

Plenen er klypt...


Ja, då var plenen klypt og grasklypparane godt parkert... Godt å ha gjort unna litt hagearbeid, og fantastisk med så god hjelp frå småtrolla :)

tirsdag 30. juni 2009

DÅ er eg i gang!

Velkomen til mi vesle verd! Ikkje veit eg kva dette skal bli, men vegen vert til medan ein går vert det sagt. Så får me sjå!

No er mykje av det mest hektikske i livet mitt denne våren over, og det er kjekt å lage seg eit nytt prosjekt. Har lese ein del bloggar i det siste, og fekk lyst til å dele mine tankar også. ☺
Kanksje blir det strikking/hobby, kanskje blir det musikk, kanskje blir det mine refleksjonar over livet eller kanskje kjem det inn ein engel eller to?