fredag 22. april 2011

Kyrkjegarn

Eg er SÅÅÅ facinert av det kyrkjespunni garnet frå New Zealand. Kjem ikkje over at husflidslaget sat i kyrkja og strikka og spann garn. No har eg fått fleire bilder frå New Zealand av ein fotograf som var på festivalen, Peter McDermott. Her er tre bilder til av dei fantastiske damene som sat i kyrkja. Fyrste bildet er av alle saman, og med sjefsdama fremst med loddbok. Andre bildet er av ho som eg fekk kjøpe garn av, og siste er av ei av dei andre damene som berre såg så fantastisk ut! Eit sterkt og flott minne frå andre sida av verda.

Alle damene ved altaret :)
Denen snille dama selte meg garnet sitt!

Flott dame og flott hårplagg!

lørdag 2. april 2011

Garnfangst på New Zealand

Eg er heldig. Kjempeheldig. Eg har fått fått reise til New Zealand, Australia og Hong Kong på jobb for å spele og danse. JA - eg er kjempeheldig!
Turen varte i 11 dagar og fritid var det svært så lite av. Dansing og speling var det derimot mykje av! Men etter mottaking og danseoppvisning hjå ordføraren i Dannevirke fekk me ein halv time fri til handling. Turen gjekk sjølvsagt då inn i alle butikkar der det kunne vere mogelegheit for å få kjøpt lokalt garn frå New Zealand. Det var ikkje så enkelt, for nesten alle på New Zealand som strikka spann garnet sitt sjølv vart eg fortalt. Men likevel, her er fangsten frå landet på andre sida av verda:


Det er til saman 1500 gram (og 4 km) garn. Var litt usikker på om eg fekk tatt med garnet inn til Australia dit me skulle etterpå, men det gjekk heldigvis fint. Australia har jo så strenge reglar for kva ein kan ta med inn i landet og ikkje, men kjempeglad for at eg fekk med meg garnet mitt heim!

Det mørkebrune garnet heiter Wanaka Station og er frå Christ Church. Det er spinni frå svart og kvit saueull og er ikkje farga i etterkant. Det lysebrune og kvite garnet heiter Kairanga Handcrafts og er frå Palmeston North. Ulla er frå farga sauer som er avla i Manawatu. Manawatu er ein region heilt sør på nordøya, og det var der me var det aller meste av tida me var på New Zealand. Men det kjekkaste garnet å få tak i er det kvite garnet på toppen av garnstablen på bildet. I eit lite ledig augeblikk i Norsewood gjekk eg innom kyrkja, og der inne sat det lokale husflidslaget (Dannevirke spinners and weavers) og spann garn! Tre damer sat rundt altaret med kvar sin rokk! Eg vart eigentleg så overraska at eg eigentleg ikkje fekk teke eit ordentleg bilde av dei, så dette var det beste eg hadde...

Kyrkjespunni garn!!
Men uansett, garn-galen som eg er spurte eg om dei hadde garn til salgs, noko dei eigentleg ikkje hadde. Men ei snill dame hadde akkurat spunne ferdig ei hespe, og ho solgte den til meg likevel! Kva strikkar ein så av garn som er spunne i kyrkja? Kyrkjevotter eller englar? :)

fredag 18. februar 2011

Marius-bibel

Eg har planer om å strikke meg cover til macen min i mariusmønster. Det er noko eg har veldig lyst på, og eg er jo veldig glad i Marius. Men før eg gjer det tenkte eg at eg kunne strikke meg eit bok-cover som test på ein måte. Det heile starta i grunnen med at mannen til ei venninne av meg tulla og lo og sa at eg skulle vel strikke cover til Bibelen min i Marius-mønster også, sidan alt anna eg har er Marius. Der kom ideen, og då måtte det jo gjennomførast. Coveret er strikka i Sisu, og eg vart ganske så fornøgd med rasultatet. Det skal også seiast at han som gav meg ideen er prest, og eg meiner jo så klart at han også burde ha ein Marius-Bibel. Det står mykje bra i slike Marius-Biblar har eg høyrt nemleg ;)

Blånissane mine

I fjor vinter/vår strikka eg blånisseluer og blånissevotter til gutane mine. Ikkje visste eg at det var Jul på Månetoppen som var julekalender i år. Heldig med den :). Uansett så vart luene og vottene ganske vellukka, og gutane brukar likså gjerne blånisseluene som andre luer sjølv om det lenge etter jul. Det varmar jo hjartet at dei vil bruke det eg strikkar. Luene og vottene er tova i vaskemaskina og strikka med Blåfjellgarn frå Rauma som var på salg etter forrige jul.

Her er blånissane mine :)


mandag 24. januar 2011

Jule-englane

Så var jula pakka ned att. Det er koseleg å sette fram juletinga, men det jammen godt å sette dei på loftet att og. Det einaste eg saknar eg englane mine. Sjølvsagt har eg nokre englar hengande oppe heile året, men det blir fleire av dei i jula. Det er absolutt flest englar i forhold til nissar i huset mitt. Eit lite englehus. Det har berre vorte slik. Til jul fekk eg 10 ulike englar i forskjellige fasongar og med forskjellige meiningar. Denne engelen fekk eg av veslesøs, og ho har laga den sjølv! Det betyr mykje.


Englane under fekk eg av mamma vesle juleftan. Eg har hatt min eigen adventskalender der eg set fram ein ny engel kvar dag i adventstida. Det har vore kjempekoseleg for meg. Mamma som ikkje er "englete" i det heile teke kom med to små gåver til meg etter eg og gutane hadde pynta juletreet hennar. Det var desse to englane, der den eine skulle vere den siste engelen i adventskalenderen min. Rørande flott av mamma! Den første er laga av honning og er bitte liten. Den andre har vorte ein heilårsengel og har fått plass i stugu.



Den siste engelen her fekk eg faktisk før jul av ein kvardagsengel. Den er handlaga av ho eg fekk den hjå, og er fantastisk nydeleg. Denne har også vorte ein heilårsengel og kvardagsengel, og for meg symboliserer denne engelen kraft og styrke til å gjennomføre det som er vanskeleg i livet, mot til å stå i det som er vondt, håp om ei lys og lukkeleg verd og tryggheit til å velge det rette!


TAKK TIL ALLE SOM VÅGAR Å VERE KVARDAGSENGLAR!

onsdag 19. januar 2011

Årets julegåve

På ønskelista kvar jul står det alltid strikkebøker øverst på lista. Dette ser nokon av dei gjævaste gåvene eg får. I år var det to bøker som eg spesielt hadde ønska meg, Arne og Carlos si bok Julekuler og Annemor Sundbø si bok Norske votter og vantar. Og jammen fekk eg begge to av min mann! Snill ektemann eg har. På merkelappen stod det "Til ho som er strikkegalen frå han som bur i eit garnnøste" :)


Votter har eg ikkje starta på endå, men det er mange spennande mønster her, og eg har kosa meg og lest og studert boka mange timar allerede. Det må også seiast at eigentleg fekk eg boka til Arne og Carlos litt før jul, så det vart strikka 10 julekuler i diverse julegåver. Eg likte sjølvsagt englemønsteret best, så det vart flest av det, men også andre kuler.

tirsdag 19. oktober 2010

Nye, perfekte, skjørt!!


Endeleg har skjørta mine frå London kome! Eg er knallfornøgd, og hoppande, hoppande glad! Litt tull og styr med toll og moms og toll og moms, men når det endeleg ordna seg så var lukka desto større.
Eg har ein favorittkunstnar som jobbar i London. Ho heiter Nicola Quilter, og nettsida hennar finn de her. Eg har falle pladask for skjørta hennar etter at eg møtte henne første gong i London for fire år sidan. Då kjøpte eg også mitt første skjørt - det eg har brukt på pressebilda mine. Etter dette har det berre balla på seg, og i dag har eg sju skjørt...

Etter sterkt press legg eg ut bilder av dei tre nyinnkjøpte. Bilda er henta frå nettsida til Nicola.

EG ER SÅÅÅÅ FORNØGD!! :)



søndag 17. oktober 2010

Pulsvarmarar med englar


Som mange har fortått har sommaren bore preg av englestrikking. Eg fann nokre fantastiske strikka englar på ei babylue på nettet, og då berre måtte eg prøve å få til englane på pulsvarmarar også! No har eg selt mitt første par av desse, og skal sende til sin nye eigar i veka som kjem. Det er spesielt kjekt å glede nokon med ein engel.

Desse vart mine, og er i så godt som dagleg bruk!
Dette vart ferieproduksjonen i juni og starten på juli :)

mandag 21. juni 2010

Englevottene mine

Jaja, slik er det å jobbe med festival, då blir det ikkje noko blogging før festivalen er over... Men strikke har eg sjølvsagt gjort likevel :)

Oppskrifta på Hardingfelevottene mine vart lagt ut som "Årets festivalvott" under Folkemusikkveka, og dei vart godt motteke.  Akkurat no fann eg ikkje heilt ut korleis eg skal legge ut oppskrifta her på bloggen min, men så fort eg får det til skal eg legge ut Hardingfelevottene mine som Pdf.

Elles legg eg etter kvart ut bilder av litt av kvart som har vorte ferdig sidan sist, men startar med favoritten min. Det er Englevottene! Desse starta eg på i februar, og dei var ferdige då også. No skal eg også lage ei ordentleg oppskrift på dei. Driv og strikkar eit par til ei venninne som treng to konkrete englar å sjå på når livet er kaldt, urettferdig og vanskeleg. Dei blir i lilla og naturkvit, men denne gongen med kvite engar og lilla bakgrunn. Englane er Guds sendebod, og for meg eit symbol på noko godt, trygt og heilagt.


Vottene er strikka i alpakka, og har fleire av mine favorittelement i seg: Englane, korset, hjartet og det firkanta korset på toppen og på tommelen. Dette kan også vere ei stjerne, alt etter kva bilder ein ønsker å bruke sjølv :)
Trekantmønsteret i handflata er eit gamalt symbol på Den heilage treeininga, og som eg fann i boka Selbuvotten av Terri Shea. Tenkte det passa fint inntil englane, og mitt religiøse innhald i votten.

mandag 22. februar 2010

Hardingfelevotter

Eg har lenge tenkt at eg skulle lage eit vottemønster som skulle vere "årets vott" under festivalen eg jobbar i. Mønsteret og fargene er inspirert av dette årets festivaldesign. Etter festivalen i mai kjem mønsteret til å verta lagt ut her tenker eg, men tenker eg skal gjere eit eller anna stunt der først. Det gav verkeleg meirsmak å lage eige mønster slik, og eg er nesten ferdig med eit heilt anna mønster også. Og no når det er OL får ein høve til å strikke samstundes som ein ser på sendingane på tv.

fredag 29. januar 2010

Frustrasjon...

Hmmmm, eg har klart å slette eit eller anna rart i bloggen min... Når ein opnar framsida så kjem ikkje sidespalta opp, men når ein går inn på sjølve innlegget kjem sidespalta opp. Nokon som veit kva eg skal gjere med dette?
Arrgh....

onsdag 27. januar 2010

Tilbod på garnbutikken....

Eg skulle berre snike meg så vidt innom garnbutikken... Og der var det halv pris på Blåfjell-garn. Med to søner som vart fornerma når dei måtte vere raude nissar til jul og ikkje blå, så passa jo det perfekt. Eg kjøpte nesten alt dei hadde att på butikken, og det skal bli to nisseluer, tre par vottar og to sitteunderlag. Det var store auge både på gutane og pappan når eg kom heim med to fulle posar og 24 garnnøster...
Må innrømme at luene er ferdig strikka, dei må berre tovast.


søndag 17. januar 2010

Engel

Før eller seinare måtte det kome eit engleinnlegg her :). Denne veka kjøpte eg meg endeleg eit englesmykke! Det er kjøpt på Bok og Media i Oslo, og eg har sett på det i eit halvt år no. Plutseleg så var tida inne for å kjøpe det, og eg er kjempeglad for det! Englar betyr mykje for meg, og er både til trøst og glede.
...og det er godt og trygt å ha ein hengjande runt halsen...


Takk til alle englar i livet mitt!

mandag 4. januar 2010

Beste julegåva i år!

 

Eg er sååå glad for julegåva eg fekk av mannen min i år! Hadde tipsa han om boka Selbuvotten av Terry Shea, og jammen fekk eg den! Det er berre ei fantastisk bok for oss som har vottedilla! Eg har lese i den kvar dag, og så klart måtte eg innom garnbutikken med ein gong den opna og kjøpe garn til votter! Eg strikka "Enkel stjernevott" til eldste sonen vår. Han fekk velge ut mønsteret sjølv, og var med og valgte ut garn også. Då vart det sjølvsagt blått...



Yngste sonen fekk også velge seg mønster. Men selbustrikk var ikkje så spennande. Eg hadde leita fram dette fiskemønsteret på internett, og minsten fall for det. Men han ville også ha det i blått så klart! Mønsteret fann eg på Ravelry, og vottene er strikka i Falk, slik som stjernevotten også er. Artige votter!

onsdag 30. desember 2009

Ferdig med master!!

Tenk, no er eg ferdig med Master ved Norges musikkhøgskole. Det er uverkeleg...Men, det betyr også at eg har tid til å oppdatere bloggen min litt oftare...
Det ventar eit nytt liv der ute!
Sjølv om eg jobba knallhard med studiene mine i haust har eg strikka likevel, bitte litt kvar dag. Strikkinga gjev ein ro som ikkje er så enkel å finne i ei travel masterperiode. Det har i peroder gått ein del i Marius-mønaster. De har vorte seks luer og tre par pulsvarmarar. Pulsvarmararne har eg ikkje hatt mønster på men var supermoro å lage!

Elles har det vorte nokre julegåver og nokre babygåver. Fann fram nokre babytøflar som minsten fekk når han var baby, og desse var eg veldig fornøgd med. Han brukte dei kvar dag, dei var varme og så sat dei på foten, uansett kor mykje han sparka. Eg kopierte mønsteret ut frå dei eg hadde, og vips vart det fem par med babytøfflar. Det kan jo kome godt med ein gong. Dei er strikka i Rauma Vamsegarn og i Pt3. Deilig å strikke noko med tjukke pinnar att når eg lenge har strikka med tynn-alpakka.




Eg kan også meddele at det var panikk i leiren då eg oppdaga at eg hadde fått teppebiller i garnet mitt! Dei åt tvers gjennom trådane på ullgarnet, og plutseleg hadde eg garnnøster med berre halvmeter lange trådar! Billene åt også hol i det eg dreiv å strikka. Måtte kaste ein kjole eg nesten var ferdig med, og fleire andre små-prosjekt. Uansett, alt garn havna i frysaren (både i min og pappa sin. På ingen måte plass til alt i min frysar...) og stugu vart vaska. Men det vart i alle fall ein fin anledning til å organisere og rydde opp i alt garn. Og til min manns store lukke havna alt garn i kasser i kjellaren i staden for å flyte rundt i stugu. Så får me berre håpe at billene er teke knekken på, og at ikkje meir garn blir øydelagt.



onsdag 2. september 2009

Hekta!


Jobben kallar, det merkast at ferien er over. Men eg prøver likevel å strikke litt kvar dag. Det er flott avveksling til alt anna, og dessutan får ein strikka mykje under barne-tv :).

Siste vekene har eg vorte hekta på Marius. Er ferdig med fem luer og i gang med både tunika til meg sjølv, ei lue med tynt garn og pulsvarmarar, alt i Marius-mønster. Dei ferdige luene er strikka i Dalegarn Smart, og var kjempemorosame å strikke. Mønsteret var eigentleg eit panneband, men eg syntest det passa betre som lue, så då vart dei slik i staden.

Men eg fekk også laga ferdig lue til minstemann, så no har alle gutane mine like luer. Dei forlangte at ”mamma må og ha”, så då er det vel berre å setje i gang...



...og eit skjal vart det også. Det er farleg å gå innom på garnbutikken på salg. Då blir det fort slik at ein må finne eit prosjekt til det garnet som er så fint og så billig. Men farga passa perfekt til den blå jakka mi, og eg trengte eit skjal til den. Mønsteret leita eg etter på internett, men fann ikkje noko eg likte, og fann ikkje dette mønsteret slik at eg klarte å forstå det... Så då tok eg heller det gamle skjalet mitt og kopierte mønsteret derifrå.



mandag 20. juli 2009

Kven seier at ein ikkje kan strikke om sommaren??






Eg har strikka ferdig nokre pulsvarmarar. Hadde så lyst til å strikke noko som ikkje var i raudt og oransje og jordfargar, slik som alt anna eg strikkar. Og så vart det like godt to forskjellige mønster og fargar. Raske greier, og ganske ”tankelaust” arbeid. Men moro med noko som går litt fort.

Luene til gutane mine er også ferdig☺.
Når pappan fekk lue, måtte sjølvsagt eldstemann også ha. Men den måtte sjølvsagt vere blå da! Og no driv eg med lik lue til minsteguten. Kan ikkje gjere forskjel ☺.
Mønsteret er funne på Ravelry og heiter Stripey. Fall pladask for dette første gongen eg såg det.

mandag 6. juli 2009

Plenen er klypt...


Ja, då var plenen klypt og grasklypparane godt parkert... Godt å ha gjort unna litt hagearbeid, og fantastisk med så god hjelp frå småtrolla :)

tirsdag 30. juni 2009

DÅ er eg i gang!

Velkomen til mi vesle verd! Ikkje veit eg kva dette skal bli, men vegen vert til medan ein går vert det sagt. Så får me sjå!

No er mykje av det mest hektikske i livet mitt denne våren over, og det er kjekt å lage seg eit nytt prosjekt. Har lese ein del bloggar i det siste, og fekk lyst til å dele mine tankar også. ☺
Kanksje blir det strikking/hobby, kanskje blir det musikk, kanskje blir det mine refleksjonar over livet eller kanskje kjem det inn ein engel eller to?