mandag 30. desember 2013

Votter til dei finaste mannfolka

I haust har eg strikka to par votter. Det er to viktige menn i livet mitt som begge to fylte 70 år dette året. Kva gir ein i gåve til ein 70åring som har absolutt alt? Jo, heimestrikka og eigendesigna votter.

Først var det Bjørn som fylte år. Han har vore min viktigaste støttespelar i Folkemusikkveka, og me har jobba tett i alle år. Eg set han høgt, han er enormt dyktig og i jobbsamanheng kunne eg ikkje klart meg utan han. I tillegg er han ein av Hallingdals (Norges) beste dansarar - det er ein fryd å danse springar med han.
Vottene hans måtte difor ha ei hardingfele, i tillegg til akantusrankar. På innsida kunne det ikkje vere noko anna enn ein hest - Bjørn sin andre lidenskap. Jubilanten var synleg fornøgd med gåva.




Vottene til Bjørn er strikka i Dalegarn Falk.

Så var det Tore som fylte år i haust. Tore var veilederen min under master, og var den personen som verkeleg gjorde at eg kom meg gjennom siste kneika. Utan han er eg sikker på at eg ikkje hadde klart å fullføre - han var der for meg to hundre prosent, heile tida, og han støtta meg på mine premissar, i tillegg til å pushe meg akkurat passe. Tore er tvers gjennom god og flott, og fortente eit par votter kun laga til han. Han er ein tradisjonalist, samstundes som han likar å gå eigne vegar og følge utviklinga. Difor fann eg ei tradisjonell rose som eg forandra litt på (sette inn eit kors i kvart hjørne). I innsida av votten er det på eine handa ein note, og på andre handa ei plate (Tore forskar på skjellakkplater: http://nmh.no/forskning/medskapende_musiker/skjellakkprosjektet/innspilling) Desse vottene vart også godt motteke av den nye eigaren. 







Tore sine votter er strikka i garnet "Hverdags" frå Du Store Alpakka. Dette var eit nytt garn for meg å strikke i, og det førte til at eg måtte strikke første votten fire gonger før eg vart fornøgd med maskeantall, mønsterbreidde og lengde... Men garnet er nydeleg, og vottene vart mjuke og fine. Eit flott garn å strikke mønsterstrikk med.



søndag 29. desember 2013

Knappeluene

I vinterferien hekta eg meg opp i luer. Så har dei liggi her og berre mangla å feste trådane. Endeleg (etter over eit halvt år) er dei nokre av dei ferdige:








Garn: Drops loves you
Pinne nr ca 5
Knapp: Diverse frå det store lageret

Jolautstilling på Voss

Ja, det har vore jolautstilling på Galleri Voss i adventstida. Ja, dei har hatt pulsvarmarar og luer frå meg der... Men har eg turt å skrive noko om det her? Nei... :)

I november ringte Grete frå Voss kunslag til meg. Ho hadde sett pulsvarmarane mine, og syntest dei passa fint å ha på juleutstillinga til Voss kunstlag i Galleri Voss. Eg vart sjølvsagt veldig glad og smigra, og samtidig var det utruleg skummelt, eg som berre har strikka for moro heime i stugu liksom... No var eg plutseleg nesten kunstnar... Men eg klarte jo heller ikkje å si nei. Så då vart det slik da. Eg var til og med på utstillingsopninga, og måtte gå meg ein lang tur etterpå så eg kunne summe meg. Men heime venta Champagne og ein stolt familie, så det vart stas til slutt.

No har eg vore gjennom det ein gong, og neste gong blir det BERRE stas - om det finnast fleire som likar det eg lagar ;)