onsdag 28. desember 2011

Hekla pulsvarmarar

Eg fekk det for meg her i desember at eg skulle hekle pulsvarmarar. Det har eg ikkje gjort før. Resultatet vart ganske greit, og inspirasjonen er henta litt herfrå og litt derfrå. Og pulsvarmarane er allerede selt på frida makeløs :)




Garn: Sandnes Mohair, blomar i restegarn av alpakka og bomull.
Heklenål: nr 2,5
Mønster: Improvisert :)


mandag 12. desember 2011

Frida Makeløs

Frida Makeløs sel pulsvarmarar så det kost etter :) Og eg er sjølvsagt kjempeglad for det! Eg kjenner det er både veldig kjekt at folk likar det eg lagar, men også ganske skummelt på eit vis. Veit ikkje heilt kvifor...

For dei som ikkje har vore på Frida Makeløs kan de gå på heimesida hennar her. Dette er den mest fantastiske butikken eg har vore inne i. Det er DER julegåvene i år vert kjøpt :)

Eg veit ikkje kor mange pulsvarmarar eg har selt der på berre nokre dagar, men i alle fall var ho utselt for "signatur"-pulsvarmaren min, den eg har kalla "Fjellkyrkjeenglar". Navnet fekk dei etter at dei vart "oppdaga" av søte Inger Randi i Vats fjellkyrkje i fjor haust då eg spelte på gudsteneste der.
Men sidan det ikkje var att fleire i butikken strikka eg to par til som eg leverte dit, eit med grøn bord og eit med lilla bord.




Mamma, hva er det du gjør med sparken min???


Mønster: Fjellkyrkjeenglar
Garn: Drops Alpaca
Pinne: nr 2,5

søndag 20. november 2011

Ein heil engleskare


Eg har hekta meg opp - igjen. Denne gongen er det englar - vart du overraska no ;)?? Eg heklar dei til Frida makeløs sin flotte butikk der eg er så heldig å få levere nokre av strikketinga mine. Og der passa det kanskje med nokre hekla englar også fann me ut. Eg gledar meg til opningen 24.november!

Englane er hekla i garn som er kjøpt på Nille. Eg fekk nesten 10 englar av eit nøste, og no er engleskaren oppe i 60! Hekla rundt 15 engalr på ein liten kveld, men brukte minst like lang tid på å feste trådane... og det er den kjedligaste jobben eg veit om altså!

Favoritten min: Engel med svarte vinger ;)



onsdag 9. november 2011

Lys i mørket

På tysdag var eg inne på profilen til ein av mine flotte vener, Carl Petter Opsahl. Han er gateprest i Oslo og jobbar i Kirkens Bymisjon, i tillegg til å vere ein av Norges beste klarinettistar! Han hadde på sin blogg posta eit innlegg om Lys i mørket - aksjonen til Kirkens Bymisjon og om Yarnbombing av Oslo sentrum. Eg vart så inspirert at eg sporenstreks reiste ned på garnbutikken og kjøpte garn til ei lue designa av Arne og Carlos for Kirkens Bymisjon. No er lua ferdig, og ei til er påbegynt, og ho blir sendt til Kirkens Bymisjon i morgo :)

Det kjennest så godt å kunne strikke noko som varmar - til nokon som frys. Det er ein vinn vinn situasjon. Eg får strikke, nokon som frys vert varm, og lageret mitt av garn og strikketing vert mindre! Dette kan vere eit mål for mange no - Gled nokon som gruar seg til jul!



Garn: Svart Freestyle frå Dalegarn og to trådar oransje 
Dalegarn Daletta fordi garnbutikken var utselt for oransje Freestyle :)
Pinne: nr 3,5 og 4,5
Oppskrift: Arne og Carlos si oppskrift til Kirkens Bymisjon.


fredag 28. oktober 2011

Heldige meg


...som har ei søster som er veninne med Stikkelisa ;)
...som fekk ein så koseleg epost på Ravelry frå Strikkelisa
...som har fått lov til å teststrikke dei mest fantastiske pulsvarmararne som Strikkelisa har designa. Tusen takk for tillitten, du flotte designer!!
...som har strikka to par av desse og som kjem til å strikke MANGE fleire i tida framover! Knallkjekt mønster som du kan laste ned her på Ravelry.

...og heldige, heldige svigermor og venninnene hennes som bestilte pulsvarmarar av meg heile gjengen. Dei får Strikkelisa sin fantastiske design!



tirsdag 25. oktober 2011

Marius-englar


...eg kunne ikkje berre poste Alve-pulsvarmarar... Det måtte jo sjølvsagt kome englepulsvarmarar også. Eg fekk plutseleg ein ide om å putte ein engel inn i mariusmønsteret. Det er så mange som har gjort om den tradisjonelle Marius, så då havna altså engelen inn i min Marius.

Eg har strikka nokre par av desse, og eg likar dei kjempegodt - sjølvsagt fordi dei har både favorittmønsteret mitt Marius, men også favoritten min engelen!



(Har stole Strikkelisa sin måte å oppsummere garn, pinnar og oppskrift på. Synest den var så dekkande. Unnskyld ;) )

Garn: Sandnesgarn Sisu
Pinnar: nr 2 og nr 2,5
Oppskrift: Marius med min eigen vesle engel


mandag 24. oktober 2011

Alvar og pulsvarmarar


Eg likar englar, eg likar englar, eg likar englar. Visste du at eg likar englar?
Men no har eg hekta meg opp i "Alvepulsvarmarar". Alvar er ikkje heilt det same som englar, men det får gå for denne gong ;)

Mønsteret fann eg på Ravelry og heiter Elf Clobber. Eg har strikka ulike versjonar av desse, dei er kjempekjappe å strikke, og flotte venninnegåver. I starten av september strikka eg fem par på rappen, og to av dei er alt gjeve bort. Eg har brukt restegarn, for det meste Falk eller Heilo. Det "luftige" garnet på innsida er stort sett rester av Drops Kid-Silk.







søndag 23. oktober 2011

Ein reddande engel

Ein fredag i slutten av august var det krise i heimen.... Eg har strikka ein kjole frå Tine Solheim si bok, Maskepi, ein flott, svart ein med fletter på skjørtet. Oppskrifta er laga til Sandnes tjukkalpakka, men eg kjøpte garn i Oslo for eit år sidan og valde meg heller Drops Classic alpakka. Sidan dette garnet er litt tjukkare og har nokre få meter mindre per nøste kjøpte eg fire nøster meir enn eg skulle trenge. No hadde eg nesten strikka opp garnet eg hadde kjøpt, og såg at eg mangla omtrent eit nøste for å få kjolen så lang som eg ville. Eg har tenkt at det ikkje kom til å vere noko problem å få tak i same garnet, om det så ikkje var i same innfarging så gjorde det ikkje noko på kanten nederst. Så når mamma skulle til Oslo og kunne innom og handle eit nøste til meg fekk ho beskjed om at garnet var gått ut frå leverandør for eit halvt år sidan!!! KRISE!! Kva skulle eg gjere no? På garnstudio.com hugste eg at det låg ute ei leverandørliste over alle butikkane som forhandlar Drops-garn. Det var berre å sette seg ved telefonen. Trur eg hadde ringt 25 butikkar der alle i grunnen berre lo til meg og sa at dei sjølvsagt ikkje hadde Classic alpakka igjen (ikkje rart..) Men SÅ, på Garnkjeller´n på Årnes kom eg til ei fantastisk dame som visste ho hadde igjen på lageret, men ikkje kva farge. Ho skulle sjekke når ho om heim, og ville ringe meg på kvelden. Kl 19.30 på fredagskvelden ringte ho, og jammen hadde ho svart garn att! Eg vart så utruleg glad. Og tenk, ho hadde til og med same innfargingsnummeret! Det er berre heilt utruleg! Veka etterpå fekk eg garn i posten frå ein reddande engel. Takk til Garnkjeller´n på Årnes og Anne Marie!!

Og NO er kjolen ferdig. Eg er kjempefornøgd!! Mykje arbeid, men når resultatet vart så flott er det så absolutt verdt det!




torsdag 22. september 2011

Fjeld, Kvitnes, Kvarts og min kjære

Eg så veldig lyst til å dele dette minnet frå i sommar:

http://www.hallingdolen.no/hdspelar/video/article193538.ece

Videoen er frå Leikskeid i Iungsdalen i august og er laga av Hallingdølen. Min mann var på turne med Jonas Fjeld og Henning Kvitnes, og siste konserten deira var i Ålingsfjella. Eg hadde lungebetennelse men hadde lovd gutane å gå på konsert med pappa. Det kunne eg ikkje kome meg ut av ;), så det vart ein kort tur inn i Iungsdalen. Konserten var vanvittig bra, og gutane storkosa seg! Eit godt minne denne sommaren.

Først i videoen spelar Sjur Hovden Borge torader, og eg må jo også seie at han er min elev, og at eg er utruleg stolt av han, han har vorte ein av landets beste på torader! Og oppstartsbildet på sjølve nettsida er av minsten.




fredag 16. september 2011

Vill og gal!

Ja, eg er visst vill og gal. I alle fall gal seier mannen min. Eg har i fleire år no ønskt å tatovere meg, og har lenge visst kva eg skulle tatovere - to strek-menn som gutane mine hadde teikna. Dette skulle vere ei 30årsdagsgåve frå meg til meg. Trass stor motstand frå enkelte i familien bestillte eg meg time ved Lucky 7 i Oslo. Og i går var den store dagen! Eg troppa opp med teikningane, og Alex som tatoverte meg var litt av ein spesialist på strekteikningar viste det seg. Etter i underkant av ein time var eg smilande og fornøgd ute att med min nye, flotte tatovering på innsida av leggen.


Og for dei som måtte lure på om det var vondt så er svaret - JA! 
Men: det var så veldig verdt det!! Eg er knallfornøgd og elskar tatoveringa mi!

fredag 2. september 2011

Space Invader og Kvikklunsj


Eg diggar Arne og Carlos! Korkje meir eller mindre. Dei har noko flott i måten dei lagar nytt av gamalt, og samtidig beheld sjela i det opprinnelege. Eg var heldig og fekk tak i både påskekuleheftet og lueheftet deira på garnbutikken i sommar. Det var space Invader lua eg tenkte å strikke. Min kjære er ikkje så glad i strikkaplagg, men akkurat den lua kunne han faktisk tenke seg å bruke. Når han for ein gong skuld var begeistra for noko var eg ikkje så vond å be, hehe... Det har vorte fire luer - to i Sandnes Fritidsgarn og to i Sandnes Falk. Dei to i Fritidsgarn passar til vaksne, medan dei Falk er til gutane mine. For å bruke opp restegarnet i Falk lagde eg ei av luene i raud botnfarge, og den syntest minsten var finast. Veldig morosamt mønster å strikke, og kjapt og greit å lage. Det er moro med prosjekt innimellom der ein fort ser framgang!



Det er minsten som villig er modell på bilda med barneluene, og størstemann tek velvillig bilde av meg med lue. Og når eg endeleg hadde klart å motivere gutane såpass at me klarte å gjennomføre bildetakinga nytta eg høve til også å ta bilde av Kvikk Lunsj luene eg strikka i vår.



lørdag 20. august 2011

Hekla og tova tøflar


Ein gong i tida starta eg på eit teppe i bestemor-ruter. Etter ganske mange ruter oppdaga eg at det budde teppebiller i garnet mitt. Dei åt opp tråden på kanten av rutene. Slikt blir det arbeid av... Eg putta berre alt garnet i plastposar og har hatt det liggande til no. Plutseleg fekk eg for meg at eg skulle prøve å bruke desse rutene til noko, og fann fram alt saman igjen. Dei fleste rutene måtte eg kaste, men nokon ruter kunne eg berre ta opp att ytteste omgangen og bruke dei til noko anna. Til min manns fortviling måtte eg på garnbutikken for å kjøpe dei fargene som eg syntest eg mangla for å få til fine tøfler i tova bestemor-ruter. Men tøflane vart ganske fine til slutt, samtidig som det er deilig å hekle litt for ein gong skuld, og ikkje minst få fullført noko av dei prosjekta ein først starta på - sjølv om prosjektet denne gongen ikkje vart det same ferdigeproduktet om først planlagt ;)






tirsdag 12. juli 2011

Marius-genserar til fine gutar


Eg er nesten ferdig med tre marius-genserar. Ein til eldste mann, ein til yngstemann og ein til tanteguten min. Det einaste som gjenstår er å sy, klyppe opp, sy saman og så stikke halskant. Men eg har aldri laga genser med slike armar før, og kvir meg noko veldig for å klyppe dei opp. Eg utsett og utsett det, men no berre MÅ eg bli ferdig med dei. Eg kryssar fingrane....

søndag 26. juni 2011

Kyrkjeenglar

Eg fann eg fann... På tavla utanfor kyrkja har det henge ein engel etter ei familiegudsteneste i haust. Den var så veldig fin, og hadde ei nydeleg bibelvers skrivi på magen. Etter å ha vore teke ned ei stund hadde det for nokre veker sidan kome opp att ein ny engel, denne gongen med velsigninga på seg. Nydeleg kyrkjeengel dette - til nokon som kanskje treng velsigninga der ute i natta ved kyrkja...


Eg vil nok ein gong seie TAKK til alle som vågar å vere kvardagsenglar, enten dei veit det eller ikkje!

mandag 20. juni 2011

Når gubben er borte dansar kjæringji på bordet...


Gubben er ute og heile kvelden er berre min! Eg har henta meg eit glas kvitvin,  høyrer på fantastisk musikk og har fire ulike strikkeprosjekt ved sida av meg i sofaen. Sjølv om det regnar er jo kvitvinsesongen starta, og glaset er fyllt med Petit Chablise - favoritten min over alle kvitvinar! Over stereoanlegget let plata "Låtar 2" med Gunnar Idenstam og Johan Hedin. Det er ei heilt fantastisk plate, Idenstam spelar orgel og Hedin nykkelharpe, og dei let folkemusikk og orgelklangar smelte saman til noko "nytt". Eg brukar musikk bevisst i sinnstemingar, og eg kan ofte late musikk gå inn i hjartet mitt og slik bruke den til noko positivt og godt dersom livet er tungt. Dette er ei plate og musikk som kryp langt inn i sjela mi, på innsida av hjartet, og som kan gje meg eit smil om munnen, uansett kva sinnstemning eg er i.


Eg har fått eit sterkt forhold til Gunnar Idenstam som musikar og musikken hans i det siste. Før jul bestillte mannen min ei plate heilt tilfeldig på nettet. Det var ei anna plate han eigentleg skulle kjøpe, men så tok han med "FolkJul" i tillegg, berre for moro. Denne plata er ei juleplate med Lisa Rydberg, Sofia Karlsson, Emma Härdelin, kor, og sjølvsagt Gunnar Idenstam, og er det mest fantastiske som eg gjeve ut av juleplater (for meg da). Eg høyrde på denne kvar dag i heile advents- og juletida, og den har gjeve meg, juletida og adventstida ein heilt ny dimensjon. Eg må berre seie: Den er noko eg anbefaler til alle - plata har forandra MEG! Det var dagens reklame... Både denne plata og dei to andre med Gunnar Idenstam kan forresten kjøpast på cdon.com. ;)

søndag 19. juni 2011

Garnfangst på nettet

2,6 kilo garn i posten :)

Sjå kva som har kome i posten!
Søs tipsa meg om ei bra side med garn, 123knit, og til saman gjekk me totalt berserk...! I posten kom det heile 26 hesper med ullgarn frå New Zealand, og berre 7 av dei var søs sine. Jaja, jammen godt eg framleis hadde hespetreet hennes, ellers hadde eg vel sitti og nøsta opp garn endå. Etter ein heil ettermiddag og kveld vart dette resultatet:





Garnet er to tråds ullgarn, og heilt fantastisk mjukt og deilig. Eg hadde nok ein slags plan for kva eg skulle bruke garnet til når eg bestillte det, men akkurat no kan eg ikkje heilt hugse kva eg hadde tenkt. Planen var i alle fall å strikke eit sjal til meg sjølv. Eg har lenge sett på eit sjal frå oppskriftsheftet Alpakka 1 frå Rauma design, og det hugste eg i alle fall at eg hadde planlagt. Som botnfarge vart det mørk raud, og stripene skal vere i to ulike gulfarger og to grønfarger. Håpar det blir så fint som eg har sett det for meg. Det var sjølvsagt fort å kome i gang med sjalet, vart så veldig ivrig når garnet endeleg var kome i hus og måtte jo berre starte på eit eller anna med ein gong. Men eg strikkar sjølvsagt på mange ting samtidig, så det kjem nok til å ta sin tid før det er ferdig. Det gjer ikkje noko, det er kjekt å strikke på det innimellom alt anna :)

Her er fargene til sjalet. Det kvite høyrer ikkje til altså :)

torsdag 9. juni 2011

Hespetre er IKKJE oppskrytt!


Det har opna seg ein ny verden! Veslesøs ønskte seg hespetre til bursdagen. Eg reiste Hallingdal rundt for å oppdrive eit hespetre. Dei fleste butikkane eg spurte i berre såg dumt på meg og lo og forstod ikkje kva eg spurte om. Hihihi... Men Husfliden på Gol hadde faktisk to! Søs som bur i Trondheim hadde ikkje bruk for det med ein gong, så hespetreet bur framleis hjå meg. Først nøsta eg opp alt garnet eg hadde kjøpt i New Zealand, til saman over 4 kilometer med garn. Så kom søster mi med ein "oppnøstar" (kva heiter det eigentleg?), og då vart det jo såååå enkelt å nøste opp garn! Og den som kanskje er aller mest fornøgd er min mann som slepp å leike hespetre ;)