På stugubordet er det englekaos. Eg starta å lage englar like før jul. Desse har vorte øyredobbar, nøkleringar og vinmerker og dei har selt som berre det på frida makeløs. No har eg og min mann feira bursdagane våre i eit ganske så stort lag, og alle gjestene fekk kvar sin engel på tallerken. Så det har verkeleg vore englekaos her.
Og med ny jobb og ny livssituasjon har visst blogginga kome langt ned på lista. Strikking derimot har eg fått gjort litt av alle kveldane eg sit heime aleine i strikkestolen min. Her er ei lita bildekavalkade av det som har vorte laga. Det meste er også lagt inn på butikken frida makeløs, og mykje er alt selt :) Heldige meg som får levere produkta mine dit! Tusen takk!
Mønster: Elf-clobber
Garn: Dalegarn Falk og Sandnesgarn Silk Mohair
Pinne nr 3,5 og 4
Mønster: Leggvarmarar til ei lita bursdagsjente
Garn: Dalegarn Falk og sølvtråd
Pinne nr 5
Mønster: Lange pulsvarmarar - improvisert
Garn: Dobbel tråd med Drops Alpaca
Pinne nr 4
Mønster: Fjellkyrkjeenglar
Garn: Drops Alpaca
Pinne nr 2,5
Så mange fine pulsvarmere du har strikka! Jeg synes Fjellkyrkjeenglane er ekstra flotte. Har du laga mønsteret selv, eller finnes det på nettet? Skal jammen stikke innom Frida Makeløs en gang jeg er på Ål.
SvarSlettRiktig god helg!
Tusen takk, Ingunn! Fjellkyrkjeenglane er "mine" på eit vis ja. Dei er etter inspirasjon eg fekk i Vats fjellkyrkje ein gong eg hadde eitt oppdrag der, derav navnet. Men akkurat sjølve engelen har eg funne på nettet, men forandra litt på, slik at eg synest den vart finare. Her er utgangspunktet: http://users.netaccess.co.nz/major/freepatt/patt05a.htm
Slett