søndag 15. april 2012

Tre mariusgenserar til tre mariusgutar!


ENDELEG har eg fått ferdig genserane til gutane!! Desse hadde jammen liggi lenge no. Eg bestemte meg for at gutane måtte få desse til jul, og julaften berre minutt før me gjekk i kyrkja vart siste tråden festa. Eller - det er ikkje heilt sant, for eg rakk ikkje å feste alle trådane inni genseren til minsten min, men fekk festa nok til at dei ikkje syntest på utsida ;) Gutane vart veldig glade, og då var det verdt alt strevet!




Mønster: Marius
Garn: Sisu
Pinne nr 2,5

3 kommentarer:

  1. Sier som ei venninne av meg sa: Kjekke gutter er det kjekkeste jeg vet! Kjempefine Mariuser! Er imponert over pinnestørrelsen og garnet, men da blir jo dette helårsgensere. Smart!

    Ha ei fin, ny uke!

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp! Heilårsgenserar er det! Det var det som var meininga. Det er alltid så mykje klaging over at ullgenserane er for tjukke, og at alt blir så trangt, så eg tenkte at skulle eg først strikke genser så kunne eg gjere det ordentleg så dei vart brukt. Den minste guten er søster mi sin, og han har brukt genseren nesten kvar dag! Då er det verdt arbeidet med små pinnar :)

      God ny veke til deg og!

      Slett
  2. Fine gutter med fine gensere! Har en utfordring til deg på bloggen min :) Ha en fin dag!

    SvarSlett